Påsken og våren er turtid. Treng du tips om kor turen skal gå?
Prøv Turistforeningens nye tur-"app" UT. Mobilen din tar då utgangspunkt i der du er; og du får turforslag i nærleiken: td. til "Majesteten på Jøsneset" Gunlanuten, eller Bandåsen på Ombo, Skomakarnibbå osv. Vil du ha enda meir lokale turforslag, finn du det her på vår nettside under menypunket TURSTIAR. Her finn du både turstikartet over Jøsneset og skildringar av turane. Kommunen har òg laga turstiforslag; TURGLEDER I HJELMELAND. Her finn du mange fine turforslag i alle bygder i kommunen. Og sist, men ikkje minst; skitur-forslag i Gullingenområdet finn du HER og oppdatert løypeinfo finn du ved å følgje Løypekjøraren på Facebook.
Då er det ikkje anna å gjere enn å putte appelsina i sekken og ønskje GOD TUR !!
Nytt frå Strandbuen
- William klippa snora til det han og bygda har venta så lenge på: – Håper neste Haaland kjem herifrå
- Strålende melding fra meteorologene – kan bli over 20 varmegrader
- Dette er konfirmantane i Hjelmeland
- Victoria (27) vil ha ny samtykkelov: – Jeg var heldig, men alle er ikke det
- Brukere av denne veien må vente opp mot 20 minutter