Denne sommaren gjeld det om å nytte dei glimta av godvær me får, og heldigvis har me fantastisk turterreng like utanfor stovedøra, så du kan raskt kome deg til fjells. Helgas turtips er RundaTjødnå på HEREFJELLET. Der er dei gule nøkkerosene akkurat nå i ferd med å blomstre, og her er ein fantastisk utsikt !!

 

 


Runda Tjødnå ligg midt på Herefjellet, 586 m.o.h, ved foten av SøraHøgaste, og like aust for Asheimstemmen. Det går ikkje merka løype rett forbi, men dei merka løypene mot NordaHøgaste går like aust og noko vest for denne tjødnå.  Den ligg veldig vakkert til i landskapet, med gigantisk utsikt utover heile Ryfylke.


Her utsikt vestover mot Nedstrand....fjell og himmel går nesten i ett


Magisk stemning ein sommarkveld - skyene truar som vanlegWink


Når du først er så høgt oppe,  anbefalar me òg ein svipptur oppom Søra Høgaste 694 og Norda Høgaste 695 - her er lett og flott høgfjellsterreng, med vid utsikt i aller retningar.

Går du til Herefjellet vil hjertepumpa di få slå skikkeleg og anpusten blir du garantert, for det er bratt stigning oppSmile.
Men er du først oppe, angrar du aldri - og då blir det hjertens fryd !! Så fyll opp termosen, få med ein venn og nyt kveldskaffen på HEREFJELLET neste godværskveld !!



Alle foto: Svanhild H Gbada

Det er merka løype til Herefjellet både frå Åsland (kortast og brattast) og frå Foss via Fosstemmen.
På NordaHøgaste, markert som nr 2 på kartet nedanfor, har Helselaget turpost. Her får du 10 poeng. Dei har òg ein 5- poeng turpost på Tausanibbå.
Turen hit er merka frå Åsland.  Les meir om dei merka turstiane HER, og les meir om Helselaget sine turpostar HER.

FaceBook
Facebook