"And the winner is".........nei, ikkje akkurat denne karen......men han er jo ein medverkande aktør på garden som fekk prisen:  BØEN v/ Silje Sværen og Øyvind Oaland.




Hedersprisen "Årets bonde 2010"  blei delt ut under den store landbruksmessa Agrovisjon2010 som var i Stavanger denne helga. Prisen (som bestod av eit flott kunstverk og ein diplom ) blei delt av landbruksdirektøren Hadle Nevøy på vegne av Rogaland Landbruksselskap under ein flott gallamiddag lørdag kveld - der både Silje og Øyvind deltok blandt alle "VIP-ane" :-) innan Rogalands-landbruketLaughing.

"Litt surrealistisk" seier ei lattermild og litt øvejidde Silje, som nok syns slik høgtideleg, flott merksemd blandt perler og finstas er litt fjernt frå dei kvardagslege gjeremål i fjosen, som ho stort sett utfører aleine.  For det er Silje som er heiltidsbonden på garden, medan Øyvind har arbeid utanom garden i tillegg......så prisen gjekk kanskje først og fremst til henne.

Les meir om prisutdelinga i STRANDBUEN......og følg med; det kjem vel meir i papirutgåva av avisa.

Silje og Øyvind driv som kjend med melkeproduksjon frå 11 jerseykyr,  samt kjøptproduksjon av kalv og villsau, og har ila siste året lagt om til økologisk.
Silje er nå midt inne i ei travel tid, med slakting og tilbakehenting av villsaukjøt som blir vidareforedla i eigne lokaler til pinnekjøt, fenalår, lammerull osv. Ho er òg i ferd med å sende kalvane til slakt akkurat nå. Og det nærmar seg jul, og høgsesong for sal av produkta. Så det er tusen ting å henge fingrane i for bonden.

Bruket må vel, i samanlikning med det "tunge" Rogalands-landbruket elles, reknast som eit småskala-bruk.  Me tykkjer det er flott at Rogaland Landbruksselskap finn rom for å prioritere og verdsetje den typen bruk og den typen produsentar her i Ryfylke - så dette må vere ein svært gjev pris å få. 

 SÅ ME GRATULERAR SILJE OG ØYVIND HJARTELEG MED PRISEN !!!!

Og på spørsmål til Silje om at "det var vel Jerseykalvekjøt som stod på menyen under gallamiddagen" , så svara Silje nok ein gong litt lattermildt at "nei, eg hadde vel knapt nok hatt nok kjøt å levere til ein så stor middag"Wink.

Men ein ting som var sikkert, det var at det var BUHAGEN EPLESAFTFLASKER frå nabobruket til Jostein og Berit Hjorteland som stod på dei kvite dukane under gallamiddagen - så slik sett kom verkeleg Jøsnes-landbruket i fokus bland Rogalandslandbruksfollka denne kvelden.

Fin-fin Jøsnesreklame, ikkje sant ?

Finn ut meir om Buhagen-produkta HER

FaceBook
Facebook