Den uvanleg vakre vinteren 2010 vil visst ingen ende ta. Dag etter dag med minusgrader, sol, stille og glitrande snø.


Det er supert skiføre; både på ekrene nede i bygda og innover i heia. Opp skogsvegen frå Foss er det godt å gå; spesielt i høgda inn til Fosstemmen; sjå foto nedanfor. Vidare innover frå Fosstemmen til Skiftustølen er det enkle skispor; men silkeføre. Godt å gå og godt å renne.  Innover mot Iskjelid er det òg skispor; men der må du finne deg i å konkurrere med hjorten i sporet (dvs nokså opptråkka skispor). Elles er det oppgådde skispor på mange av ekrene i låglandet: her er det ikkje minst fint å gå.
Tips oss om din skitur ! Send oss foto !

Nyt vinteren - ta turen ut på ski !

Skogsvegen ned frå Fosstemmen: kjempeforhold.


På ski i "revens fotspor" - ved Skiftustølen.


Kanskje skituren endar med slik ein vakker skumringstime

FaceBook
Facebook