Trur du et par stilige sokkar klarer å komme seg innom alle 10 turpostane på Jøsneset ila 2019 ? Kanskje du kan bli med på "eksperimentet"?  Sokkane har allerede "vandra" til Håvehammar - så ned til bygda igjen - og så opp til Gunlanuten ! Nå ligg de i turkassen der og ventar på neste vandrar som skal ta de med vidare til neste turpostkasse ! Kor lang tid tar det før sokkane har vandra alle 10 ?

Ein dag i slutten av mars dukka det plutselig opp et par flunke nye stilige sokkar i turkassen på Håvehammar, foto over.  Sokkane var ei belønning frå www.stiligesokker.no  for turen. Sokkane blei tatt med heim, men låg der å skreik etter meir turgåing !! Tida gjekk.

Ok, så et par veker seinare, palmesøndag,  fekk de følge i sekken heilt til Gunlanuten i det fine påskeværet. Nå ligg de der og venter på neste stafett-etappe. Eksperimentet går ut på at nestemann som finn sokkane tar de med vidare til neste turpostkasse (gjerne innom heime først, men då må de ikkje gløymast i ei skufftongue-out......de skrik etter meir tur !


Her har dei stilige sokkane kome seg til Gunlanuten !

Klarer sokkane å "ta seg fram" vidare til dei 8 andre turpostane på Jøsneset?

Sokkane ligg trygt og godt i ein pose, og det står "bruksanvisning" i posen til neste "stafett-deltakar"

Det kan jo vere moro å følgje med på kor sokkane er, så dersom du blir sokke-bringar, så send gjerne eit foto frå turposten til 97007636 eller på Messanger til Jøsneset, så blir foto lagt ut på Facebook og her på Jøsnessida.   Slik kan me kanskje følgje med på kor langt sokkane har kome.

Her er dei stilige sokkane på veg til Gunlanuten

Her er dei 10 turpostane sokkane vil innom:
Håvehammar, Gunlanuten, Valafjellet, Røssenibben, Fosstemmen, Nesdalfjellet, Brynå, Høgafjell, Tausanibbå, NordaHøgaste

Rekkefølgjen blir tilfeldig. Dei som deltar i "sokke-stafetten" er med på trekninga av ein finfin premie : dei stilige sokkane såklart laughing

Takk til STILIGESOKKER.NO - Nesvik design - for dei turgalne sokkane cool

FaceBook
Facebook