Er du ein av dei mange som er interessert i været;
både om korleis det blir og korleis det har vore.

Husk at du kan følgje med på alle detaljar om Jøsnes-været på den web-baserte værstasjonen som står utplassert på oppdrettsanlegget utanfor Fosså. Værstasjonen har fått namnet Jøsneset og ligg på www.vindkast.no.
Linken til sida ligg fast på vår side: sjå lenkjer nederst i venstremenyen.

Nytt på vindkast.no, er at du nå òg kan hente ut vær-statistikk både for enkeltdagar og periodar. Flott, ikkje sant !

Visste du t.d at det kom meir regn døgnet 27-28 juli =94,3 mm enn det gjorde for heile oktober månad til saman = 88,1 mm.
Ikkje rart at vegen i Nesvik blei skyld på sjøen:
images/ung/flaum.jpg
Værforskerar seier at me må førebu oss på meir slike sterke regnkyll i framtida.

Akkurat nå (søn 01.11) melde vindkast.no om.....ja, nettopp vindkast: eller rettare sagt liten storm !! Så hald fast på hatten!

FaceBook
Facebook