Hardhausen blei gjennomført for 15. gong 1. pinsedag.

Deltakerane fekk alle årstider, men dei 48 som starta såg ut til å ha hatt ein fin tur. 14 gjekk for første gong, og alle kan kalla seg hardhausar.

Eilef Foss deltok for 10. gong, medan Rick Andre Opedal, Jakob Hjorteland Gbada og Vebjørn Fosså har deltatt alle 15 gongene. 

Nøtte/saftstasjonene v/ Gunlabu vart betjent av Joar Rosså – takk til han som stilte på kort varsel.

Ved Gapahuken ved Foss-stemmen blei det kokt kaffi på bålet og med god varme i bålpanna heile dagen. Her fekk ein også saft, frukt og jødekaker. 

Av dei som gjekk Hardhausen var det Kevin Foss som vart trekt ut som vinnar, og Øyvind Oaland for 3-nutstur. Begge fekk hengekøyer. 

Det vart også trekt ut 3 deltakarpremiar som gjekk til Inge Torkel Skiftun, Kristiane Westersjø og Eilef Foss. 

3 generasjonar Hardhausar, Kåre, Knut Ivar og Oliver. Den eldste er 70 og den yngste 10 år.

2 av dei 3 som har gått alle gongene, Jakob og Vebjørn.

Eilef med 10.årskruset saman med dattera Ronja, som også har deltatt mange gonger.

Ved starten ved Åsland.

 

Takk til alle som deltok og gjorde dette til eit kjekt arrangement - også for oss som laga det til.

Hjelmeland Røde Kors hadde heldigvis lite å gjera i år også. 

Jøsneset Helselag

 

FaceBook
Facebook