Den markante "koronaeffekten" ift turgåing har avtatt ein del, men likevel er det framleis stor aktivitet i turløypene, og høge tal besøkande på turpostane både av fastbuande, fritidsbuande og dagsgjester.  På årsmøtet i Helselaget 14.mars blei det trekt ut 13 vinnarar av 4701 turpostbesøk:

Framleis er det Nesdalfjell som tronar på topp som bygdas mest populære turpost med 1403 noterte namn i 2022. Og framleis er det kvinneandelen som er desidert høgast her: heile 80 % av besøande er kvinner.  Og av hyppigast besøkande av alle er Idun Nesvik, Tone Kari Nesvik, Helga Havnerås og Marit T Nesvik, i år som i fjor. Flott ! Desse har nok forstått gevinsten og verdien med dette Å GÅ.  Ja, for nettopp dette var tema på årsmøtet Helselaget denne veka, sjå meir om dette under tabellen. Her er turpostvinnarane

Odny Kjølsvik snakka på årsmøtet i Helselaget om "Kvifor det er viktig å gå" Odny er frå Fogn, pensjonert sjukepleiar og nestleiar i Nasjonalforeningen for folkehelsen i Rogaland.   Kjølsvik var inne på alle gode helseeffektar av å gå, og viste i stor grad til forskning på temaet. Det å gå, eller anna fysisk aktivitet, er forebyggande på mange livsstilsjukdommar og har stor effekt for mental helse og hjerneaktivitet. Det er utført ein god del ny forskning på hjerneeffekten med å gå/fysisk aktivitet, og td ift sjukdommar som demens/alzheimer.    Det å gå er enkelt, rimeleg og lett tilgjengeleg - og burde vore ein opplagd resept-form ift mange helseplager.  Les gjerne meir om helseeffektane ved å gå/fysisk aktivitet i HelseNorge og NorskForskningsråd

Og her på Jøsneset ligg forholda godt til rette; me har flust av motbakkar, vakker natur og tilrettelagde turløyper.  Turåret 2023 er godt i gang. Me oppmodar: bruk beina, bruk motbakkane, bruk nærmiljøet og turpostane til oppbygging av eiga fysisk og mental helse. Få gjerne med deg ein venn, ein nabo eller familemedlem - då blir effekten ekstra god  Her er turkart Jøsneset.

Og hugs : naturopplevingane kjem som ei ekstra bonus i tillegg til alle andre gode effektar. Godt turår 2023

Foto: Svanhild Hjorteland Gbada

 

FaceBook
Facebook