Er du lei av å jobbe ved kjøkkenbordet på hytta? Eller kanskje du har heimekontor uten eigna lokaler?

Du har moglegheit til å leige kontorplass i det gamle skulebygget ved Grendahuset på Jøsneset. 

Det går an å leige fast antall gonger i måneden, eller du kan bestille ein dag om gangen. Informasjon og prisar finn du HER. 

Me har nyoppussa lokaler med tre kontorplasser til rådighet. Me kan lokke med hev/senk-pultar, kaffitraktar og flott utsikt. 

Sidan kontoret er i eit gamalt klasserom er veggane dekorerte med fine plakatar og kart som du kan studere dersom du treng ein pause fra jobbinga.

Gi beskjed til Solveig Bog i Jøsneset Bygdaråd dersom dette er noko du kan tenke deg (mobil 94181791, Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.).

Har du lyst å sjå lokala, så er det sjølvsagt mogleg.

 

Me sjåast?!

 

 

 

 

FaceBook
Facebook