Skuleelevane svinga opp med både middag og underhaldning for Eldretreffen på torsdag.
Ein svært hyggeleg tradisjon og eit vellykka arrangement.

Då pensjonistane møtte opp til sitt jamnlege treff i Trivselstova på torsdag, stod borda ferdig dekka og serviettane fint dandert på plass. Dei 8 storskulelevane svinga seg på kjøkken saman med Rasin og TorOlav: 60 poteter og masse gulerøtter blei fint skrelde og ertestuing og kjøttkaker gjort klar.

Serveringa var det elevane som stod for, og MMMM "dette var mat for Mons". Kjøttkakene falt i smak blandt dei eldre, og godpraten og rosen gjekk laust. Etter middag stetta dei same elevane opp med kaffe og nyyydleg Dajm-kake.

Men ikkje nok med fysisk føde: elevane i 3 og 4 klasse varta opp med kulturell "åndeleg føde" : song, gitarspel og blokkfløytespel.  Koseleg!

Ein lærerik og "matnyttig" dag for elevane
kombinert med sosial hygge for dei eldre = ein fulltreffar!!

På Jøsneset er me heldige som har lokala "vegg i vegg", slik at det er praktisk mogleg å få til slike fine møtestader på tvers av generasjonar.

FaceBook
Facebook