Kva er vel meir naturleg på "Velkommen til solbygda Jøsneset"- tavla vår i Nesvikbakken enn eit solcellepanel som gir lys på skiltet og svingen her.  Ideen om lys på tavla oppstod .......

...under julelys-monteringa (det har vore julelys-lenke rundt skiltet i vinter). 

Halvor Halvorsen på Nesvikbøen er Nesviks svar på Reodor Felgen. Ikkje berre er han julelyskongen i bygda, med opplyst juletre på Høgahaugen og opplyst reinsdyrslede og traktor på Bøen. Koseleg møte med Jøsnesbygda i juletida ! Nå har han òg snekra saman eit mini-solscelleanlegg som vil sørge for automatisk belysning på skiltet

Halvor og hunden Alfa er eit godt team, og ligg ikkje  på latsida for å skape trivsel for forbipasserande.  Nå er solscellepanelet midlertidig montert. Tanken er at panelet skal fellast inn som ein integrert del av takflata. Panelet produserer meir enn nok straum til å lyse opp tavla/svingen i alle dei mørke timane i døgnet. Anlegget har Halvor "snekra" på heimebane, m.a. med bruk av smådeler han alt hadde + innkjøpte komponentar.  Bygdarådet står som "sponsor" av lyset.

Nesvikbakken er elles ein mørklagd veg utan gatelys. Dette er innfallsporten til bygda vår.  Veldig hyggelig å nå bli møtt med ei opplyst velkomsttavle, som òg kastar litt lys ut på plassen her.   Takk til Halvor Halvorsen for utføringa så langt !  Han har visst planar om litt meir.....så følg med.....ikkje minst til neste jul !

 Halvor er/var også "creative director" av julelysa på Nesvikbøen, som vel starta med denne vesle fine traktoren:

 

FaceBook
Facebook