Det Norske Måltid leitar årleg etter det ypperste innan norsk mat og drikke. Kåringa av årets beste produkt skjedde på stor feststemt finalefest i Stavanger 2.februar.  Av 250 påmeldte produkt var det 39 finaleprodukt frå heile Norge i 13 ullike klassar. Heile 2 produkt frå Jøsneset/Hjelmeland gjekk til finalen: Buhagen sin musserande eplemost i klassen Årets Drikk og Eiane Gard sin sider Brist i klassen Årets sider.

"No stoppa det med finaleplass denne gongen, men finaleplass i seg sjølv er ein siger i denne samanheng!  T A K K !!" uttaler ordførar i Hjelmeland, Anita Husøy Riskedal på si Facebookside.  Bildet er tatt frå bordet i salen av finalist Jostein Hjorteland/Buhagen, då leiar i Det Norske Måltid Kristin Austigard opna finalekvelden.

 

 

Jostein og Berit Hjorteland i Buhagen var til stades på finalefesten, her saman med leiinga i kommunen ordførar Anita Husøy Riskedal og rådmann Wictor Juul.  Eiane Gard var ikkje til stades.  Men både Eiane sin sider Brist og Buhagen sin musserande eplemost var del av den fullspekka FINALEMENYEN med 5 serveringar, samen med alle dei andre finaleprodukta.

 

Her er dei to klassane Jøsnesprodukta deltok i: 

 

Vinnar av Årets sider blei Stora Marit v/ Hardangerbonden

 

Vinnar av Årets drikk var Eplemost Aroma frå Fiskum fruktpresseri

Me gratulerar vinnarane - og me gratulerar våre lokale finalistar - og heiar vidare på dei !!

Her lokalt er Buhagen-produkt  å få kjøpt på Krambuå på Skiftun, og EianeGard-produkt er å få kjøpt på gardsbutikken på Eiane.

 

FaceBook
Facebook