Det er ikkje småttrier for ein 10-åring å gå HARDHAUSEN.  Ruta er nesten 2 mil lang frå Åsland ca 250 moh, via Norda Høgaste 690, Gunlanuten 829, Røssenibben 718 , Valafjell 713, Fosstemmen 380 og tilbake igjen til Åsland ca 250.  Det er FRISKT gjort i solsteiken - og med denne friske, glade solfylte SELFIEN fortjener desse tiåringane Sverre Wyller og Heine Ertsås (årets yngste deltakarar) å vinne årets Hardhaus-selfie2022 - der fotograf er Ingunn Ertsås !  Premien er intent mindre enn gratis deltaking på ny Hardhaus laughing Stolt hund venta i "mål" ved Fosstemmen.     Sjå alle Hardhause-selfiane HER. Her var mange gode !!  Takk til alle gode bidrag !!

Og HER ER DELTAKARLISTA 2022

Me gratulerar 38 nye Hardhausar med førstegongsdeltaking! Alle desse fekk med seg førstegongspremien, som er ei fin Hardhausen-krus. 

Elles var det 75 stk som fullførte Hardhausen, 4 nutar, og 7 stk fullførte 3 nuts, og ein stk gjekk til ein nut/Gunlanuten. 

Hovudpremien på Hardhausen gjekk til OVE LANDA, og hovudpremien for 3-nuts gjekk til INGEBORG WESTERSJØ.  Dei kan kose seg med toastjern på grillen heile sommaren. Det blei elles trekt ut 3 mindre deltakarpremiar, og delt ut 6 fem-års-t-skjorter

Det er nå kun 3 stk som har deltatt på alle 14 Hardhaus-arrangement: det er Rick Andre Opedal, Vebjørn Fosså og Jakob Hjorteland Gbada. Alle desse fullførte med glans nå i 2022, og me er spente på å sjå om dei stiller for 15.gong på rad i 2023?

Elles minnar me om deltakarinnbetaling kr 100 pr stk til VIPPS-nr 562037 - ikkje for seint å vippse over dersom det er utegløymt eller du var ute av dekning.

Me takkar Hjelmeland Røde Kors for godt samarbeid og elles takk til alle glade, friske, spreke folk som tar seg ut i vår vakre natur !

Fleire foto frå arrangementet finn du òg på JØSNESET SI FACEBOOKSIDE

Med helsing arrangøren
JØSNESET HELSELAG
Ellen Mari og Odd på Gulabu
Marit på Åsland og Fosstemmen
Berit, Oddvar og Svanhild på Fosstemmen

 

FaceBook
Facebook