Alle 2021- turbøkene på dei 10 turpostane på Jøsneset er nå bytta ut.  1. nyttårsdag var ein stille, grå og våt dag, men frivillige var rundtomkring og henta inn bøker.   GODT NYTTÅR frå Nesdalsfjell, som i 2021 gjekk av med seieren som bygdas mest besøkte turpost, med 1 690 noterte navn ila 2021 !!  Det er nesten dobling av besøk frå året før ! Bravo !! Nedanfor får du ein liten nyttårsdag- "førerapport" frå nokre av dei andre turpostane

Håvehammar har i alle år har vore bygdas mest besøkte turpost, må i år sjå seg slått av Nesdalsfjell, sjølv om òg  Håvehammar har hatt 200 fleire besøkande enn i fjor - Totalt   1659 besøkane.  På begge turpostane er det eigne barnebøker

Fosstemmen ligg midt i tur-riket vårt og er eit knutepunkt og lett tilgjengeleg på skogsveg.  I 2021 har det her vore ein liten nedgang av besøkande, totalt 2021 har 830 stk skrive seg i boka

Høgafjell i Knutsvik har hatt 195 besøkande og Brynå 742 stk (her er det òg eiga barnebok)

Valafjell har i år vore kodejakt-post, og dermed godt besøkt til å vere ein litt tyngre topptur, 259 besøkande ila 2021.  Men Gunlanuten er mest populær av toppane, med heile 407 besøkande.  Røssenibben 121 stk,

Herefjellet er òg eit fint turområde: Tausanibba hadde 335 besøkande, og Norda Høgaste 349 stk, som er litt meir/nokså likt frå i fjor.

Takk til Inge Torkel, Jostein/Berit, Ellen Mari/Odd, Ingeborg og Svanhild som har bytta ut bøkene. 
Merking og skilting av turrutene blir òg drifta av frivillige "turfadrar" - Mange takk til alle !

Velkommen til nye besøk på turpostane - trekning frå turbøkene skjer på Jøsneset Helselag sitt årsmøte.
Her er meir info om turtilbod på Jøsneset og turkart Jøsneset

Feil og mangler i merking eller turbøker meldast til Svanhild 97007636, turpostkoordinator

FaceBook
Facebook