Helga 26-27 juni er det Sankefestivalen i Hjelmeland ! Det meste av festivalprogrammet skjer i Hjelmelandsvågen. Men laurdag 26.juni er det òg eige program på Skiftun ; dette for å spre aktivitetane og for å vise fram ei av Hjelmelands frodige bygder, med fokus på lokale produkt og næringsgrunnlag. Besøk til Buhagen sitt gardsutsal Krambuå hos Jostein og Berit Hjorteland og besøk til økologisk gard Bøen v/Silje Sværen og Øyvind Oaland står difor sentralt. Pluss padling og bading i Skiftustranda. Helgøyskyss går til/frå Hjelmelandsvågen, men vegen er enda kortare for folk med hytter og hus på nordsida av fjorden. Alle er velkomne ! "Festivalområdet" på Jøsneset strekkjer seg frå Skiftun kai/strand til Bøen gard, så det er stort og romsleg. Hugs likevel avstandsreglar og generelle korornareglar !! Arrangementet er eit samarbeid mellom Hjelmeland Turlag/Stavanger turistforening, Buhagen og Jøsneset Bygdaråd
Nytt frå Strandbuen
- Adrian (20) var ein av få på sin alder på Ryfast-møtet: – Mange unge tenker ikkje på at det er dei som skal betala lengst
- Nå skal det ansettes ny fastlege – disse har søkt
- Gladmelding fra meteorologen, særlig hvis du har le for vinden
- Lei av jojoslanking tok Inger Marie grep – nå er hun 30 kilo lettere
- Denne dukket opp i Gandsfjorden – kan komme to steder i Forsand også