"Jøsnes-spåkonkurranse 2011" var altså var ein konkurranse som gjekk for ca eit år sidan, der folk skulle spå/tippe på 15 spørsmål om kva som ville kome til å skje ila 2011. Det kan tyde på at Daniel pussa bra på spåkula si, for han fekk 8 rette, og blir nå vinnar av eit velsmakande økologisk villsau-fenalår frå BuhagenKiss Me gratulerer.

 

Han blei tett fulgt av Lene Kaldheim på 2. plass med 7 rette og Solveig Bog Bouzane og Jorunn Foss på 3.plass med 6 rette. Les meir om kva som faktisk skjedde i 2011 av dei tinga me spurte om - og korleis folk svara:

 

 

Det var 18 stk som deltok i konkurransen, og her er spørsmål og svar:

1. Kva er status i folketal pr 31.12 2011 i forhold til året før?
Svar: Stabilt, ingen endring. Dvs 2 fødte, 2 døde, ingen innflytta og ingen utflytta.  Dette spørsmålet var det ingen som svarte rett på. Alle spådde vekst.

2. Kor mange nyfødde på Jøsneset ila 2011?
Svar: 2 stk, det var tvillingane på FossKiss
Dette var det ein god del som svarte rett på.

3. Kor mange startar i 1.klasse på Jøsneset i 2011?
Svar: ingen, òg det var det ein god del som svarte rett på, men òg mange trudde det blei et par elevar.

4. Blir det kvit jul på Jøsneset for tredje år på rad?

Svar: definitivt NEI !! Det blei ei regnfull julehelg. Men nesten alle tippa (håpa?) JA.

5. Kven held 17.mai-talen på Jøsneset 2011?
Svar: dette var nok det vanskelegaste spørsmålet, for ingen ga det rette svaret, som var 91 år gamle Arthur WestersjøSmile. Men mange gode forslag, som td. Christian Wyller, Palma Ommundsen, Magnhild M Kleppa, Bente Tednes Gjil, Lars Bog, Eilef Foss, Heidi Hjorteland, Morten Hetland, Trond Brandal, Ingeborg Laugaland......her skulle vere litt "å ta av" for årets 17-mai-komitè.

6. Kor mange tonn makrell blir det tatt imot på Skiftun Fiskemottak 2011?
Svar: 233 tonn.  Dette var ein god del mindre enn året før, då det var 305 tonn. Dei fleste hadde tippa meir enn det det blei. Her godtok me eit avvik på +/- 20 tonn. Her var det Cesilie Wåland og Brandon Foss som tippa nærasts med 250 tonn.

7. Vil badetemperaturen overstige 20 grader i Skiftuvika?

Svar: dette har me ikkje måledata på, for det var så sur og kald sommar at me gløymde nesten å badeKiss. Men me er nesten sikre på at svaret er NEI. Det var jo knapt at lufttemperaturen gjekk over 20 grader. Høgaste lufttemperatur som blei målt på Fister målestasjon i 2011 var 24,3 grader, 3.august, og det var ikkje ein lang godværsperiode.

8. Kor mange ferjeavganger er det pr årsskiftet 2011/2012?
Svar: så og sei alle svara rett på dette, 28 turar slik som året før. Ingen endring.

9. Kor mange skreiv seg inn i turboka på Håvehammar?
Svar: 1052 stk, dette var ein auke på nesten 100 besøkande, og det var få som hadde vore så optimistiske. Dei som tippa nærast her var Jostein/ Berit Hjorteland med 1050 stk. Her godtok me eit avvik i svaret på +/- 10 stk.

10. Kva heiter orføraren i Hjelmeland i desember 2011?

Svar: dei fleste trudde at Bjørn Laugaland skulle halde fram, men det blei jo feil. Kun Jostein/Berit tippa rett på dette: Trine Danielsen.

11. Blir det vald inn faste kommunestyremedlemmer frå Jøsneset?
Svar: NEI, desverre, dette til trass for at me hadde mange gode kandidatar. Sven Westersjø var den som kom nærast, men er kun vara.

12. Kor mange hjort blir felt på Jøsneset i 2011?

Svar: 47, dvs 4 fleire enn året før. Her var det ikkje jegrane som tippa rett, men derimot både Solveig Bog Bouzane og Svanhild H Gbada hadde presist rett på dette. Her godtok me eit avvik i svaret på +/- 5.

13. Kor mange deltek på Hardhausen/3nutstur i 2011?

Svar: 74 stk, det var 6 mindre enn året før. Her var det Ellen Mari Fosså som var nærast med 75 stk. Her godtok med avvik i svar på +/- 5 stk.

14. Kor mange hus blir bygd/påbegynt på Jøsneset i 2011?
Svar: så vidt me veit, kun 1 hus hos Ola og Lene i Skiftu. Dette var det mange som hadde rett på.

15. Kor mange besøkande hadde www.josneset i 2011 (samanlikna med 9 477 i 2010 og 13 500 i 2011).

Svar: her var det ingen som var optimistiske nok på josnes-sida sine vegne. Det nye besøkstalet for 2011 er nemleg heile 18 756.  Det er ein flott auke i bruk av sida!! Den som var mest optimistisk på våre vegne var Helga Havnerås, men òg ho tippa 2500 for liteKiss

 

Resultatlista:
Daniel Fossaa 8 poeng, på spørsmåla 2,3,7,8,9,11,12,og 14
Lene Kaldheim 7 poeng
Solveig Bog Bouzane og Jorunn Foss 6 poeng
Knut Foss, Svanhild H Gbada, Ellen Mari Fosså, 5 poeng
Jostein/Berit Hjorteland, Lene Hjorteland, Jasin H Gbada, Helga Havnerås 4 poeng
Ian Bouzane, Jakob H Gbada, Brandon Foss, Cesilie Wåland 3 poeng
Oddvar Skiftun, Madelen Langvik 2 poeng
Eldbjørg Tednes 1 poeng.

TAKK TIL ALLE SOM DELTOK.

PREMIEN PÅ ET STK FENALÅR ER SPONSA AV JØSNESET UNGDOMSLAG !

FaceBook
Facebook