1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

Lørdag 14 august blei ein superdag i Skiftustranda : Ungdomslaget sin aktivitetsdag blei avvikla i sommarens beste sommarvær og masse kjekke aktivitetar, mat, prat, bading og kos!

 Det heile starta me 5-KAMP:

Første øving var SMIDIGHEITSLØYPE.....litt inspirert av "mesterns mester" var det om å gjere å kome seg gjennom løypa på raskast tid og med minst tilleggstid.
Tre beste i denne greina var: Johan Fosså på 9 sek, Jone Hjorteland 16 sek og Vidar Råheim og Anne Hjorteland på 18 sek.


Jostein Hjorteland, som vann 5-kampen samanlagt, balar seg gjennom smidigheitsløypa til ein delt 4.plass på denne øvinga.

Øving nr 2 var TÅRNBYGGING: her fekk ein uttdelt eit visst antall treklossar. Det var om å gjere å bygge høgast på 2 min. Beste plasseringar: Jostein Hjorteland 2m, Trygve Stuvik 1,90 m og Sven Westersjø og Svanhild H Gbada på 1,80 m.


Jakob på bildet her klarte 60 cm (tårnet raste undervegs) og Alexander i bakrunnen klarte 90 cm.


Det var moro å sjå ulike strategiar for å nå høgaste tårn. Det viste seg å vere smart å byggje eit stødig fundament i botn, for begge desse to klarte høge tårn: 200 cm på Jostein og 170 cm på Lise.

 

Øving nr 3 var den artige WATERBALLEN: dette var som ein gedigen badeball, som personane gjekk inn i og lufta blei fylt opp, og glidelåsen dratt att. Øvinga gjekk ut på å boltre, rulle, krype, bale seg ut mot flytebøyen på raskast mogleg tid. Og dette var både tungt og arbeidssomt.
Beste plassering her var: Tommy Vikene 17,4 sek, Anne Hjorteland 17,8 sek og Brenton Oddbjørn Foss 18,4 sek. Veldig jevnt i tet altså. Det som nokre merka i denne øvinga, var LITT ulike vindforhold. Det skulle ikkje mykje bris til, før det blei litt meir strevsomt. Men dei som nådde bestetida jobba intenst under heile "ball-opphaldet".


Lene Hjorteland strevar seg mot bøyen....sluttida blei 31 sek og ein 13.plass i den øvinga.

Øving nr 4 var den populære DOPAPIRLEIKEN: dette gjekk rett og slett ut på; kor mange dopapirark får du stappe inn i munnen ila 2 min?? Her varierte resultata svært, for ein del fann øvelsen litt vel tørr (!) og ubehagelig.  Klar seier til Gunnar Skogesal med 50 ark, Atle Mikalsen 30 ark, Maria Brandal 45 ark 
Johan her klarte heile 28 ark .................medan Atle klarte 2 fleire.

Øving nr 5 var MELKESPANNHALDING: her fekk deltakarane teste styrken, ja, men òg smertegraden. For mange haldt ut på rein viljestyrke på slutten. Her var det ulike tyngdar for barn/kvinner og menn.
Dei tre beste her blei: Gunnar Skogesal 4 min 29 sek i ein spanande duell med Atle Mikalsen på 4 min og 26 sek. Tredjemann her blei Jostein Hjorteland på 3 min og 14 sek.

Jone testar styrke og utholdenhet med 2 kg på kvar arm. Sluttida blei 2 min og 19 sek, og havna på 11.plass i den øvinga.

 

MAT OG KOS OG DRØS


Pensjonistane stilde, tradisjonen tro, òg bra opp , og var ein god heiagjeng.

Etter mat, som bestod av fylte pita og wraps og kaffe og heimelaga ripssaft frå Eiane, blei det så:......

JØSNESMEISTESKAP I MORELLSTEINSPYTTING

Banen var flott laga til av siloballe-plast og podie av pallar. Her var det òg stor deltaking både av barn, kvinner og menn.  Litt ulike teknikkar: med og utan fart, med eller utan krøll på tunga osv. Etter ein innleiande kvalifiseringsrunde gjekk dei 10 beste vidare til semifinalen. Vidar gjekk dei tre beste derfra vidare til finalen.

Finalen blei ganske spennande, med kun 4 cm i skilje mellom 1. og 2.plass. Til slutt gjekk Gunnar Skogesal av med seieren, med eit vinnarspytt på 9,06 m  og Atle Mikalsen på 9,02 m. Jone Hjorteland 8,20 m . Gunnar hadde òg dagens lengste spytt i kvalifiseringsrunden. Det var på heile 9,84, så han fortente seieren!


Vidar og Sven måler "Åsmund-Friviligsentral "sitt spytt, men han nådde ikkje opp i semifinalen.



Her er ein ekte morellsteinspyttingsvinnar i djup konsentrasjon.

TIL SLUTT BLEI DET ORNTLIG PREMIEUTDELIN OG OPP PÅ PALLEN:


Morellsteinspyttingmeistrane: Gunnar gull, Atle sølv. og Jone bronse




5-kamp-meistrane: Jostein gull, Anne sølv og Gunnar bronse.



Femkampen var òg ein kamp om våre heilt lokale vandrepokalar "Årets stut" og "Årets kvige", som skulle gå til beste Jøsnesbuar i femkampen. Dette blei Jostein Hjorteland "Årets stut" og Anne Hjorteland "Årets kvige".
Jevare titlar skal ein leite lenge etter !!!!


Ungdomslaget rettar ei stor takk til alle skikkeleg sporty og engasjerte deltakarar !!

Her var det mange med høgt konkurranseinstinkt, og dermed blei kampen spennande og kjekk. Og ei god takk til alle dei som møtte opp som publikum..... heiing og applaus gjør alltid susen.

Nå er det berre å setje i gong å øve til neste års 5-kamp.......men kva du skal øve på? Tja, sjå det blir eit lite mysterium.

 

FaceBook
Facebook