1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

Har nå merka ny løype opp til Valafjellet - løypa tek av ved Grønaliknaggen. Friska samstundes opp den gamle løypa som tek av løypa til Gundlanuten nokre hundre meter nedanfor Gundlatjødnå. Ny løype og gamal løype møtest i kryss på Valafjedle kor det er sett opp to skilt (Gundlanuten og Fosstemmen). Her er og sett opp postkasse med turbok oppi. Takk til Oddvar for jobben!

Nå er det altså mulig å gå på enda ein topp i heia på Jøsnes-halvøya. Toppen Valafjellet ligg i same området som Gunlanuten og Røssenibben. Topp-turen som arrangeres 9. august (sjå eiga sak om 3-nutstur til høgre under "Kalender" i menyen) går til desse tre toppane, samt Norda Høgaste på Herefjellet for dei verkeleg spreke. Norda Høgaste manglar litt maling på toppen, det skal malast opp att før topp-turen.  

Sjå elles informasjon om turstiane våre i menyen til venstre: klikkar du på "Turstiar" får du opp kart og beskriving av turane, klikkar du på "Turinformasjon" får du opp alle turbøkene vi har lagt ut samt informasjon om årets konkurranse.

FaceBook
Facebook