1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

Onsdag 23 april var siste gongen med Barneklubb for denne sesongen.  Annakvar onsdag har Ungdomslaget i vinter hatt "Klubb" for alle barna i bygda. Her har me drive på med allslags frå bollebaking og toving, til fuglekassesnekring og filmframvisning.  Eigentleg skulle sesongen avlsuttast med å henge opp fuglekassane i skogen. Men ettersom alle fekk med seg kassane heim kvar til seg sist gong, så blei det grilling og kos i Skiftun-stranda i staden.  Og dette klaffa akkurat på ein av dei finaste aprildagane. 60 pølser glei ned i høgt tempo - og deretter var det full fart med flyndrejakt i bekken, leik i sanden og første forsmak på "badelivet" - brrrr !  Det blei ein del våte sokkar og bukser av det til slutt, ja !

Det blei ei koseleg ettermiddagsstund - og spørsmålet er om me kanskje burde flytte jonsok-feiringa til april i staden ? - då er det iallefall sjanse for SOL !Cool

 Me takkar alle barna for godt samarbeid gjennom alle vinterens klubb-kveldar, og håpar på nye samlingar til hausten !

Arr: Jøsneset Ungdomslag.

  Leik i sanden - april08   Grilling i Skiftu-stranda   Flyndrejakt i bekken

FaceBook
Facebook