1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

Det var andre boller å bake kaker på ny-kjøkkenet på Grendahuset enn i det gamle me hadde før ! Det nye kjøkkenet er romsleg, nytt og flott. Og begge dei nye ovnane (+ Trivselstoveovnen) blei tatt i bruk, då brett etter brett etter brett var klar for steiking på tysdag kveld. Ein liten julekake-glad gjeng samlast med kvar sin store deig; og jammen fekk me trylla fram 8 ulike sorter  !  Jøsnesjula er i boks !

 

Det blei ein trivelig og aktiv kveld, som enda opp med 8 sorter på fatet og to gjester som kom for å julekakesmake !  Då var det berre å koke opp på kaffe og blande ei stor mugge saft, og så blei alle dei 8 sortane testa ut .

MMMMMMMMMMMMM - dette smaka godt !! Kakene som blei laga var:

- Ellen Maris Snøballer med marshmallow og popcorn
- Svens Trivselstove- Kyss (?) (fritt oversatt)
- Marits Ingefærnøtter med sitron
- Hannes og Heddas Sandnøtter
- Annes Peppernøtter
- Svanhilds Gule (Rektorkontor)-bomber og oversteikte Biscotti
- Anbjørgs risboller.

Og aller sist til slutt var det fram med alle boksane og fordele julekakene søsterlig og broderlig slik at alle fekk med seg 8 sortar heim

FaceBook
Facebook