1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

Helselaget si turbok er igjen på plass i kassen på Norda Høgaste på Herefjellet - etter at den "gamle" blei tatt ned for eit par veker sidan: våt og ødelagd. Så nå er det berre å ta turen - så får du bli med på Helselaget sin topptur-konkurranse.

 

Flotte påske-forhold på Herefjellet: ikkje snø i løypa; kun små snøfenner her og der. På Asheimstemmen (foto) ligg det enda restar av snø/is. Det er tørt og fint å gå i terrenget - kun vått i myrane elles lett og godt å gå nå før lyngen veks til.

På turen blei det observert to store froskar i full sving med både paring og egg-legging i Asheimstemmen Kiss, deretter blei "NordaHøgaste-reven" observert luskande i løypa like før toppen, og på veg ned igjen via Hedlestølen var to store hjortar òg ute på turWink.....og i dei vårvarme bakkane syng vårfuglane for fullt og kvitveis og kusymra blomstar. Og på Åsland sprett dei nye lamma rundt i våryre sprell.

Joda, mange gode grunnar til å ta turen på Herefjellet......det beste av alt: den formidable utsikten.

God påsketur.


FaceBook
Facebook