1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

SKIFTUN FISKEMOTTAK STARTAR FISKE-UTSAL PÅ MOTTAKET SKIFTUN KAISmile

Nå kan du få kjøpa den ferskaste fisk du kan tenka deg:
Skiftun Fiskemottak onsdagar kl 13.00-15.00
.

Fisken kjem til mottaket direkte frå yrkesfiskarane som har sitt daglege arbeid i fjordane rundt neset vårt, og dei fiskar ikkje berre makrell (som på bildet), men òg alle andre slags fiskeslag. Så nå ligg alt til rette for at me skal få oss dei flottaste fiskemiddagar.

Du kan òg få kjøpe foredla fiskeprodukt, og Helge Husevåg melder at det òg går an å bestilla på førehand til desse adressene: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. eller Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.
Kan og bestilla på tlf 48003930.

Helge Husevåg har travlne tider for tida, for Skiftun Fiskemottak har òg starta FISKEBUTIKK PÅ SAND. Der er det ope TYSDAGAR OG TORSDAGAR.

Me ønskjer lykke til med fiskeutsalga både her og der. Fantastisk flott at det går an å få tak i FERSK FISK !!


FaceBook
Facebook