1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

Eldfinn hadde tenkt seg til feiringa av bulyst-benkene på Håvehammar den 25.7.12, men han nådde ikkje å koma dessverre. Han hadde tenkt å gje oss ei gåve frå kommunen i høve denne "milepælen" i bulyst-arbeidet på Jøsneset. Denne har han no overrekt etterpå:

Ei flott Fiskars ryddesaks! Den blir god å ha når vi skal vedlikehalde og rydde turstiane våre. Saksa er no til utlån til dei som har adoptert turstiar, eller andre som vil ta i eit tak for å rydde favorittstien sin Smile Saksa står inntil vidare hjå Jorunn Foss, så berre gje beskjed på tlf 99638803, så skal du få den overlevert når du treng denSmile Eller du kan hente den på Åsland.

Hugs også at dersom du treng noko anna (skilt, pålar, måling/kost, merkepinnar m.m) eller ser noko som burde vore gjort med turstiane, så ynskjer vi at du gjer beskjed om dette (framleis Jorunn som har ansvar for dette for helselaget).

FaceBook
Facebook