1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

Mand 17 nov hadde me ein kjekk og sosial bakekveld i Trivselstova med tradisjonsbakst på menyen.

images/JUL/Bilder/bak3s.jpg

Marta Eiane og Olga Hjorteland, som tilsaman har godt over 100 (!) års erfaring over bakstefjøla, svinga opp med gode, tradisjonelle bakeoppskrifter: potetkake, syrekake og hoppekake (òg kalla saupskolt, gongkake el natronkake). 

Mmmmm, ja kanskje du kjenner eimen av nybakst?

images/JUL/Bilder/bak2s.jpg  images/JUL/Bilder/bak4s.jpg  images/JUL/Bilder/bak1s.jpg


Det var ein kjekk og variert gjeng som møtte opp; med god spredning i både alder og kjønn. Og alle var ivrige; både til å snappe om knep og triks om baketeknikkar, og til reint fysisk å utøve det i praksis. Alle fekk prøve; både å elte,kna, kjevle og steike. Alle desse bakverka har gode, lange tradisjonar i vårt distrikt, og fleire unge fekk denne kvelden vidareført tradisjonen frå seniorane.

Marta oppmoda alle om å gå heim å prøve relativt raskt slik at ein ikkje gløymer triksa; medan Olga var oppteken av at ein ikkje skal gi opp om det blir mislykka første gongen - for det blir ikkje alltid likt. Kunsten er å prøve igjen; og til slutt så sit det "som smurt".

Det beste av alt på ein slik bakekveld er sjølvsagt smaksprøvane etterpå, rundt ein god kopp kaffe. Alle var" plikta "til  å smake på alt. Men det blei ingen tung plikt; heller ein sann fornøyelse: for kva smakar vel betre enn fløyselsmjuk, nysteikt potetkake m/smør og sukker. Mmmm - det smeltar på tunga!   Eller varm hoppekake med syltetøy og rømmme. Mmmm. Og ikkje minst lun syrekake med brunost. Mmmm! Alle 14 var einstemmige i dommen : snadder !!

Me takkar Marta og Olga for inspirerande og god instruksjon. Ein kulturtradisjon er formidla vidare; og det er opp til neste generasjon å bringe den vidare inn i framtida. Blir nok vanskeleg å leve opp til læremeistrane; men me får gjere vår beste !

Oppskriftene finn du her.

Arr Jøsneset Ungdomslag

FaceBook
Facebook