1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

images/ung/grasrot1.jpg

Eit flott julegåvetips som du kan gi til dine frivillige lag:
5 % av alt du har tippa for i 2009 kan på ein rask/enkel måte gå til Ungdomslaget eller Helselaget - utan at det kostar deg noko !!

Både Jøsneset Ungdomslag og Jøsneset Helselag er registrerte i det nasjonale Frivillighetsregisteret og er godkjende GRASROTMOTTAKARAR.
Det betyr at du som tippar via Norsk TIpping, kan velge ein av oss som din grasrotmottakar: då mottar me 5 % av det du tippar for; utan at det går på bekostning verken av innsatsen din eller gevinsten din!! På denne måten har frivillige lag landet rundt mottatt tusenvis av gåvekroner til det frivillige arbeidet. T.d. har Hjelmeland Idrettslag hittil i år mottatt over 12 000,- kr fordi de nå har over 70 spelarar som har oppgitt dei som deira grasrotmottakar. Flott, ikkje sant !!

Slik kan DU støtte Jøsneset Ungdomslag og Jøsneset Helselag her heilt lokalt.

Og det som er flott, er at viss du registrerer deg som givar nå før nyttår, så går 5 % av det du har spela for i heile 2009 til ein av oss !!

Me har hittil følgjande statistikk:

- Jøsneset Ungdomslag , 6 registrerte spelarar, sum hittil i 2009 kr 1106,-
- Jøsneset Helselag, 5 registrerte spelarar, sum hittil i 2009 kr 585,-

Ungdomslaget har uttalt at alt me mottar ila 2009 går til finansiering av sceneutstyr!

Det er VELDIG enkelt for deg som spelar å bli Grasrotgivar. Du brukar spelekortet ditt i Norsk TIpping , og registrere deg anten via internett, SMS, hjå din kommisjonær, sjå meir info her. Og husk du taper ingenting, men me tjener !

Våre organisasjonsnummer er:
Jøsneset Ungdomslag 990654859
Jøsneset Helselag 985136092

TAKK FOR STØTTA !!

images/ung/grasrot2.jpg

 

FaceBook
Facebook