1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

Heller ikkje i år kunne den tradisjonelle påskebasaren gjennomførast, og sidan dette er vår viktigaste inntektskjelde for å drifta huset så blir det også i år arrangert ein «digital» basar.

Skulle imidlertid smittesituasjonen, og forholda elles, gjera det mogleg å samla mange folk så vil me i tillegg gjennomføra ei sosial samling på basardagen 14. august. Dette vil me i såfall komma tilbake til seinare, men den «digitale» basaren vil uansett bli gjennomført!

Følg derfor med på www.josneset.no og på oppslagstavlene i bygda.

Her kan du lese meir om korleis du kan kjøpe lodd og bidra med gevinstar. 

 

Lodd kan du sikra deg allerede nå og dei kan kjøpast via VIPPS. 10 kr pr lodd.

Jøsneset Bedehus sitt VIPPSnr:   612108.  Deretter så sender du ein SMS med namnet og beløpet til den som kjøper lodd til Ellen Mari Fosså – mobil nr: 92 46 36 75.

NB! Me har eiga barnebok, så viss du ønsker lodd der så skriv det i SMS-en.

I starten på august kjem me også til å ta turen rundt i bygda for å selga lodd.

 

Styret har allerede fått inn gevinstar, men me treng fleire! Viss du har ein gevinst å gi så ta kontakt med ein av oss i styret.

Styret i Jøsneset Bedehus består av;

Berit Skiftun Hjorteland (leiar), Anne Tjeltveit, Helga J. Havnerås, Trygve Brandal og Ellen Mari Fosså

  

GOD SOMMAR!

 

 

FaceBook
Facebook