1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

Har du lyst å bli med å arrangere HARDHAUSEN 2019 ?? Ja, for det trengs 3-4 frivillige dersom Hardhausen skal bli arrangert i år for 11.gong. 

Som kjent har det siste åra vore vanskeleg å få nok folk i styret i Jøsneset Helselag. På årsmøtet i år blei det vedtatt at Helselaget består, men då med fokus på to oppgåver: SENIORTREFF og TURPOSTAR. Det blei vald eit styre, slik at ein får til å drive desse to tinga vidare.  Men Hardhausen "lever litt farlig". Men det er framleis godt med premiar inne på lager, og løypene er merka og det er innarbeidde rutinar for arrangementet. Så dersom me ønskjer at dette skal bli arrangert i år òg, må det skje på frivillig basis, og kan vere ein uavhengig komite, eller ev ilag med Helselaget.  Ellen Mari og Odd F har meldt seg til å sitje på NØTTESTASJONEN. Svanhild H G har meldt seg til å vere med i forkant (legge ut info/plakatar/annonsering med mer), men er bortreist dagen før arrangementet, så kan ikkje stille i sekretariatet før utpå dagen sjølve arrangement-dagen. Det betyr at det trengs folk til å frakte opp utstyr, rigge opp sekretariatet ved gapahuken på Fosstemmen, og ta påmeldingar, koke kaffe med mer. Dei siste åra har det vore alternativ start frå Åsland med sms-påmelding + ikkje idealtider. Dette har letta arbeidet i sekretariatet vesentleg. Eventuelt; skal ein kanskje diskutere ytterlegare forenklingar?

Dersom nokon melder seg, blir det kalla inn til eit planleggingsmøte nå snarleg !
Arrangementdagen er som vanleg 1. pinsedag, dvs 9. juni 2019.


Har du lyst å bli med ? Kontaktinfo: Svanhild Hjorteland Gbada, 97 00 76 36

FaceBook
Facebook