1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower


Regnet har hølja ned over oss denne andre veka i september. Bygene har vore tunge, bygene stått i kø og langtidvarselet fortel om regn, regn, regn. Men INNIMELLOM sprekker skydekket opp, iallefall i små øyeblikk, og me kan få ettermiddagshimlar som denne. Det gjeld om å nyte dei små glimta av godværWink


 


Grønt og frodig blir det i Fossdalen etter all nedbøren......og sjå: skyene ligg på lur over Hjelmeland.

Ein time seinare var himmelen grå og tung igjen, men akkurat dette øyeblikket var vakkert - over Ombofjorden


Og sauene trippar og trekkjer nedover frå heia.


Mykje nedbør gir flotte fossar. Her ved sjølvaste Foss-fossen !

Foto: svanhild hjorteland gbada

FaceBook
Facebook