1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

Alle personar over 65 år i kommunen blei denne veka invitert ut på middag  til "Smaken av Ryfylke. Hjelmeland kommune arrangerte dette med støtte frå Statsforvaltaren i Rogaland og i samarbeid med Smaken av Ryfylke, Årdal Taxi, Hjelmeland bygdekvinnelag, Jøsneset helselag, Ombo helselag, Eldrerådet og frivillige frå ulike andre lag. 7 damer frå Jøsneset + frivillig frå Jøsneset helselag og sjåfør Sven frå Jøsneset transport var på middag torsdag.


Det blei ein hyggelig kveld på restauranten på Hjelmeland, og god mat blei servert. Her er menyen:

Forrett: Laksemousse med blomkålpuré, grillet og syltet blomkål og syltet solbær.
Hovedrett: Oksekjake med gulrotpuré, bakt gulrot, syltet jordskokk og rødvinsaus.
Dessert: Bringebærkrem med rabarbrakompott, jordbær, brent hvit sjokolade og havrecrumbler.

Nydelege smaker og innbydande presentert.

Takk for flott tiltak som inkluderte transport til og fra av Jøsneset transport !

Foto: Sven Westersjø

FaceBook
Facebook