1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

Wink

......ja, av 3 startande lag altså - På Fisterløpet.  Men likevel: laget kjempa mot 2 andre reine herre-stafett-lag, medan "Team Jøsneset" var ein god aldermix-lag av barn og godt vakne og jenter/damer og gutt/mann....mangfoldet lenge leve !! Kristiane 12 til venstre starta veldig lett og friskt, tett fulgt av den litt lett pesande "gamlemor" Svanhild, vidare fulgt av det langbeinte ekteparet Ingeborg og Sven, medan Jakob 14 stødig hanka det heile i land med den raskaste etappen

 

 
Kristiane fekk ein del spreke karar å bryne seg på , og ein flokk vaksne damer, "litt rart å berre springe med vaksne", men det takla ho bra på den friske debuten som stafettløpar.  Jasin, ute til høgre, er òg frå Jøsneset, men sprang som individuell løpar i herreklassen.


Norunn fullførte Fisterløpet i fin stil, og var glad då ho kom i mål !!

 


Anbjørg sprang sitt første Fisterløp i den minste barneklassen; og her passerer ho mållinja i fin stil, tett fulgt av mor på sidelinja.


Jasin, 15, sprang ikkje på stafettlaget, men kjempa hardt om 2.plassen i herreklassen mot Øyvind Røgenes frå Erfjord. Det blei kappestrid på oppløpet; men Jasin blei slått med 7 tiendels-sekund, og kom på ein fin 3.plass totalt. Tobias Topp Sandvik frå Fister slo begge desse med over eit minutt, og sette løyperekord.  Her finn du heile RESULTATLISTA. Les elles meir om løpet i STRANDBUEN

 


Alle barna fekk premie. For ein kjekk dag :-)

 

Ser me"DreamTeamJøsneset" igjen neste år??
Ein ting er sikkert; skal laget krype opp på resultatlista, er ein HEIAGJENG heilt essensielt....det var vel berre det som mangla......eller??

 

 

FaceBook
Facebook