1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower



Søndag blir det felles skeisedag på Fosstemmen kl 13.00.  Ta med skeiser, mat, drikke, gode klær, sitteunderlag - og NB ta med litt VED kvar, så kan me tenne eit felles bål.Smile Håpar me får ein like fin dag som den me hadde 8.januar2006.
Det har vore ei kald fin veke og isen er fin. Det er òg meldt klart, kaldt vær framover, så forholda er særs gode....og det er faktisk ikkje kvar vinter det klaffar slik det gjer nå. Så nytt høvet til ein frisk dag på isen.

Me gjer merksam på at det er ingen arrangør til dette - berre eit spontant ønskje om å møtast ute i naturen til fysisk aktivitet og sosial kosSmile.  Alle tar difor sjølv ansvar for seg og sine mht ferdsel på isen. Det området som er mest viktig å vere obs på er osen ved stemmen: der det ofte er ope råk i isen.

 

Me håpar på ein koseleg dag, og kanskje kan me svinga kaffekjelen òg Wink

 
PS: For dei som vil ha meir organisert skeisedag med kjøretilkomst,  så kan det opplysast om at Hjelmeland Idrettslag arrangerer skeisedag på Hetlandsvatnet, Fister same dag same tidspunkt. Der blir det òg organisert skeiseløp med premiering og hockeykamp, sjå HER.

 

Foto: Svanhild H Gbada.

FaceBook
Facebook