1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower


Året 2012 ebbar ut: ei jule-og nyttårshelg med både storm, regn, sol og snø. Her frå Fosstemmen 30.desember12. Vatnet flaumar medan snøfillene dalar store som lammeøyrer. Ja, dette er òg  "Solbygda" !! Følg året 2012 i storm og stille nedanfor:


Januar starta med ein god del nedbør, derav ein del snø -  og ein del lågt skydekke.  Temperaturen gjennom månaden var noko høgare enn "normalen" - den kaldaste perioden kom i slutten av januar  - overgangen til februar.


Februar starta med ein kald, fin periode - med flott vinterlys. Men kulda trengde seg langt ned i jorda, og stansa planlagd anleggsarbeid på vegen ned til Skiftun kai.


Mars er ofte ustadig - også dette året. Temperaturane låg i snitt høgare enn normalen.
Men mange flotte himlar fekk me oppleve i mars. Her er skydekket litt høgare enn i januar (same fotopunkt  - Håvehammar).


....men.....uups...der var jammen skydekket lågt igjen. Bandåsen kledd i ein elegant sky-hatt !! På veg mot Knutsvik


April starta guffent....og dette er ingen aprilsnarr; men 1.april var kald og guffen, og på Norda Høgaste var det snø og skodd og bikkjekaldt !


 


Men VÅREN sviktar aldri - og bøane grønkar òg i Fossbakkane uti april ! Herlig !!



Kom mai du skjønne milde !??Yell Nei, milde moses, bjørka er grøn, men nordvesten slår inn Ombofjorden 5.mai med snøklessa i kasta. Brrrr


Men igjen: VÅREN sviktar aldri !! 23 mai var det nesten 26 grader og strålande sol. Søndag 27 mai var òg ein fantastisk dag - ein dag der Solbygda levde opp til namnet: Hardhausen blei avvikla denne dagen: og 64 spreke heiavandrarar fekk oppleve over 20 grader, sol, stille, snøfenner og flott utsikt over fjordlandskapet. Noko å drøyme tilbake til det !!


Juni er balletid - det er nok delte meiningar blandt bøndene om "balleværet" var det beste, men her i Nesvik kom de iallefall "i ball", og det skjedde nok alle stader etterkvart. Juni gjekk ikkje over i historia som tidenes varmaste - til det var det alt for mange dagar der temperaturen låg langt under normalen. Det såg stygt ut for Jonsokfeiring: det blei meldt både om torden,vind og regn!


Men det blei slett ikkje værst likevel på jonsokafta. Folk møtte opp, det blei tent bål, og me såg verken regn, torden eller vind. Men så var det då heller ikkje akkurat "ein midtsommarnattsdrøm" - noko det vel er lenge sidan me har hatt akkurat på Jonsokafta.


Juli blei òg ustadig ! Den blei nok ikkje den draume-månaden på Jøsneset som alle ferierande ønskja seg. Men det glimta til nå og då!!
Denne rosa kveldshimmelen er frå årets aller varmaste dag: 6 juli, der temperaturen blei ca 26 grader. Bildet er tatt 22.15, og då var det endå varmt og deilig. Slike sommarkveldar vil me ha!!! Bandåsen i bakgrunnen


Men juli var òg slik: grå, skoddete, regn - halvkaldt !!


Då det nærma seg August fekk me atter nokre flotte dagar, og kveldar! Stille tjern i stille hei - her ved Gunlaknaggen kvart over 9 om kvelden.



September blei den våtaste månaden i 2012, og aller våtast var 14 september. Her frå Hjelmeland.


Oktober blei straks mykje likare, og denne månaden falt det kun 1/3 av nedbøren samanlikna med september. Flotte ettermiddagshimlar.


Så var det på an igjen då: November blei nok ein våt månad. Den nest-våtaste faktisk. I følgje Ingeborg Westersjø sin værstasjon på Foss, vart det målt 350 mm frå 7.-25. november. Det fossa godt ved Fosstemmen då òg.


 
Helga 14-16 desember blei røff....det bles kraftig austavind , og kombinert med nysnø blei kjøreforholda særs vanskelege. Sikt og kjøreforhold opp Fossbakken var omtrent som i snøstorm over Hardangervidda: snøen fokka seg og la seg i fenner og sikten var til tider null. Det bles kraftig heile natta, og lørdag 15 des vart det målt den kraftigaste vindstyrken i 2012. Straumen gjekk og trær velta på rot. Ein ruffen start på jula. Liknande tilstander kom òg lille juleafta - då straumen var vekke i eit par timar.

Heldigvis glimta godværet til innimellom, slik som 22 desember. Ein orntleg kald og fin vinterdag. Her frå Hyestaden på Skiftuheia - utsikt mot Knutsvik.


Men vått og vilt blei det òg ut i romjula - lørdag 29 desember blei klissande våt!! Det surkla og fossa, og rant og flauma over alt. Her ovanfor Longhammarsvingen.



Me sluttar der me starta; ved Fosstemmen. Då regnet ausa ned nede i bygda 30 desember, dalte dei store snøfillene over "Kalvagaren" - Stemningsfullt, ikkje sant?

TAKK FOR DET GAMLA !! Lykkeleg godt 2013-vær  !!!

Alle foto: Svanhild Hjorteland Gbada.

PS: Har du foto eller artige opplysningar knytt til Jøsnes-været 2012; så send inn til Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

 

FaceBook
Facebook