1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

Nei, me har ikkje starta nyttårsfeiringa enda. I dag går rakettane til værs for å feire oss sjølveWink

Nettsida www.josneset.no rundar nå 5 år -  Hurra for oss som fyller vårt år - ja, oss vil vi gratulere !! 

Denne lokale bygdenettsida vår blei lansert 12 desember 2007. Nettsida blei altså ei lita julegåve frå dei frivillige laga Helselaget, Bygdarådet og Ungdomslaget til bygdefolket dette året. Nå har sida vore drifta i 5 år - og pila vår peikar stadig oppover ift besøkstal ! I 2010 hadde me ca 9000 besøkande, 2011 steig det til ca 13 000, i 2012 nesten opp mot 19 000. Og for 2012 er me godt over 25 000Smile. Me gledar oss over statistikken - og gledar oss til 5 nye år !! Responsen frå brukarane har vore god - me får inntrykk av at både bygdefolk, hyttefolk og andre set pris på sida vår.

 


Sida er og forblir "ultralokal" - dette er sida for dei små og store hendingar på og om Jøsneset - verken meir eller mindre. Sida blir driven på heilt frivillig basis, og difor variar stoff i mengd og aktualitetsgrad.  Me skulle gjerne ha fornya oss, utvikla sida meir, oppdatert oftare og fått til meir spanande ting - men den frivillige tida set sine begrensingar på dette. Me håpar likevel du vil fortsetje å følgje oss inn i framtida!  Me er avhenging av dykk som brukarar, og set stor pris på tips, smånytt og foto frå og om Jøsneset.  Tips oss: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den..  PS: følg oss òg på FacebookWink

Elles takk til  Norsk Plan som hjalp oss å utvikla sida, som me framleis har samarbeidsavtale med og som av og til hjelper oss i "nøden"

Nedanfor unnar vi oss ein liten bilde-kavalkade frå smått og stort på Jøsneset dei siste fem åra. Klikk LES MEIR så finn du bildekavalkaden.

 

Stort og smått frå Jøsneset siste fem år:

 

 

 


 

 

 

 

 

 

 

 


JODA !! JØSNESET ER EIN KANONKJEKK PLASS Å BU PÅ - MED MASSE SMILANDE FOLK Smile

FaceBook
Facebook