1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower



Nå finn du òg Jøsneset på FacebookSmile sjå ute på venstremenyen og oppe i hovudlinja, og klikk deg inn på den opne Jøsnes-sida på Facebook. Sida er oppretta for alle som er glade i Jøsnes-bygda og er interessert i det som skjer her. Difor håpar me at det som blir lagt ut der blir Jøsnes-relatert. Facebooksida blir ingen erstatning for nettsida!! Artiklar og nyheiter bli framleis lagt ut på nettsida, men så linka ut på Facebooksida, og på den måten når me òg langt fleire lesarar.

 

I vinter fekk spørsmål om å gjere Jøsnes-nettsida meir interaktiv for brukarane. Det går an å opprette gjestebok eller debattforum på vår eiga nettside, men det ville krevd ein del meir redigeringsarbeid for dei travlne, frivillige nettredaktørane. Difor oppretta me Facebooksida istadanfor. Her kan alle som er registrert på Facebook skrive innlegg, legge ut bilder og kommentere artiklar som me legg ut på nettstaden Jøsneset. Og alle er sjølv ansvarleg for det dei legg ut!!  Dei som ikkje er registrert på Facebook har lesetilgang på sidaWink (men ikkje skrivetilgang) .  Det er ei open side; dvs ikkje ei Facebookgruppe som ein treng vere medlem i.

Me håpar folk blir fornøyd med denne løysinga. Skriv gjerne kommentarar inn. For dei som ikkje er registrert på Facebook; send oss gjerne tips og tilbakemeldingar via KONTAKT OSS i hovedlinja øverst.  Me er glade for alle tilbakemeldingar me får - både ris og ros .....og helst tips om stoff me bør legge ut.

FaceBook
Facebook