1 2 3 4 5 6 8 fosst1 kjerhammars rundatjs skifts

  
Det er ein snau månad igjen til "Jøsnesets vakraste eventyr" nemlig 3NUTSTUREN OG HARDHAUSEN som arrangeres 1.pinsedag. Lurer du på  korleis forholda på nutane er, så får du siste oppdatering her. Siste søndag i april var ein vårdag av ypperste klasse; som skapt for topptur. Her er Gunlanuten (829 m.o.h) med utsikt vestover mot Herefjell. Snøbart på toppen, men fleire fine snøfenner nedover langs stien.

Gunlanuten er altså den høgaste nuten du må bestige på 3-nutstur/Hardhausen, og frå Gunlanuten ser du "alt" av vakre RyfylkeWinkmed fjordar på 3 kantar og fjellheim og ryfylkeøyar så langt auge rekkSmile


På veg ned frå Gunlanuten over store og små snøfenner. Tøtlandsvik og Ryfylkeheia i bakgrunnen.


Snøen smeltar lengre nede i bakkane ned mot Gunlastølen og skaper mange fine bekkar.


Men mykje meir snø må smelta før stien blir heilt klar for innrykk av "hardhausar"Wink

 
Stien nedover mot Gunlaknaggen er òg snødekt, med flott utsikt ut Fisterfjorden og "bylandet"


2. toppen: Røssenibben 719 m.o.h. Snøfenner òg her, men òg mange bare parti, og lett tørt terreng.
PS: stien ned frå Røssenibben ned mot Bastli blei merka/malt på nytt av Joar Skjerahaug denne søndagen (det strekket er ikkje del av løypa på "Hardhausen)

Frå Røssenibben er det flott utsikt både ut og inn Jøsenfjorden: Her inn Jøsenfjorden med ei snødekt Ryfylkehei i bakgrunnen.


3.toppen. Utsikt frå Valafjellet, 713 moh, med Ombofjorden, Fisterfjorden,Randøy og Garsund i bakgrunnen.

Det er altså desse 3 nutane du må bestiga på 3-nutsturen. Stiane er skilta og merka med raude merker. Hovudstien mot Gunlanuten er god og tydeleg, stiane ut mot Røssenibben og Valafjellet er ikkje fullt så nedtrakka, så her er ikkje stiane like tydelege, men begge er skilta og merka. Terrenget er ein del stader temmeleg ulendt, og det blir ein del "opp og ned" mellom nutane. Så "Hardhausen" ber namnet med rette !
 
Ja,  vil du kalle deg ein orntleg "HARDHAUS" må du òg oppom på den 4.høgaste toppen på Jøsneset, nemleg Norda Høgaste på Herefjellet.

Norda Høgaste 690 moh (sett frå Valafjellet), er det høgaste punktet på Herefjellet, som er eit hei-parti som ligg noko lengre vest enn dei 3 andre toppane. Ein må langt ned i terrenget (til Skiftustølen) før det stig bratt igjen mot Herefjell. Men har du først kome deg opp, så angrar du ikkje. For utsikta frå Herefjellet er formidabel, så gled deg til 27.mai !!

Kartet viser løypa, med start frå Fosstemmen, ca 390 moh (ca 40 min gange frå Foss)
Viss du vil bli "Hardhaus" må du gå alle 4 nutane, dvs både blå og rosa løypeSmileSet av dagen!!

 

Kart og alle foto: Svanhild Hjorteland Gbada

Arrangør: Jøsneset Helselag og Jøsneset Ungdomslag.
Meir info om arrangementet kjem !!

FaceBook
Facebook