1 2 3 4 5 6 8 fosst1 kjerhammars rundatjs skifts

Den kommunale vegen til Ingjesdal er under oppgradering, og ein må rekne med ca 1 mnd anleggsarbeid. Ingjesdalvegen går altså frå Paul Olav Skiftun utover langs sjøen til snuplassen ved Magne Langvik.

 

Det er bærelaget på vegen som er dårleg, og dette har medført store sprekker, hol og nedsenka kjørebane. Bærelaget må skiftast ut på heile strekket. Samstundes blir vegen utvida til ca 4 m, og ein legg òg ned røyr for ev framtidig kommunalt vatn + trekkerøyr for kablar.

Teknisk seksjon i kommunen reknar med at vegarbeidet vil pågå ca 1mnd. I denne perioden må ein rekne med at vegen periodevis kan bli stengt inntil 1-1,5 time. Det vil mellom anna bli utført ein del spreningsarbeid som gjer det vanskeleg å halde vegen open under anleggsarbeidet. RYMI har sendt ut varsel om at det kan bli problem å hente søppel i denne perioden, så hyttecontainer på Skiftun kai kan i mellomtida nyttast.

Dersom nokon har spørsmål til arbeidet kan desse rettast til Trygve Valheim, tlf 982 59 423.

FaceBook
Facebook