1 2 3 4 5 6 8 fosst1 kjerhammars rundatjs skifts

Folk har vore svært flittige til å bruke turpostane på Jøsneset i påsken. Kanskje folk var lei av snø, og heller valde å gå tur i terrenget som endeleg var blitt snøfrittSmile Helselaget har fått tips om at Håvehammar hadde 122 besøk frå palmelørdag til 2. påskedag!

Vidare har Brynå hatt 100 besøk i løpet av påsken! Dette er kjempebra, og vil seie at folk er flittige med turgåing med alle helsegevinstar det har!

Utsikt over Foss frå Gaukjen

Det er nok desse to postane som er mest besøkt i løpet av året også. Dersom du lurer på kvar postane er, kan du sjå kart og beskriving av turane under "Turstiar" til venstre i menyen.

Andre merka løyper med postkasse og turbok er: Fosstemmen, Nesdalsfjell, Tausanibbå, Gunlanuten, Valafjell og Røssenibben. (Norda Høgaste vil få postkasse og turbok ca i mai).

FaceBook
Facebook