1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

Bygdarådet og Ungdomslaget inviterte sist helg alle ungdommane frå bygda mellom 18-35 år til "kafe-treff".

Heile 15 stk møtte opp - dei fleste bur i byen nå.

Kva skal til for at du skal flytte him til Jøsneset?
Kva kan me gjere for at bygda skal bli meir attraktiv for ungdom/småbarnsfamilar?

Dette var tema som blei diskutert, medan røykelaks, eggerøre og kaffekanner sveiv rundt kafè-borda.

Alle hadde synspunkt, og her er nokre av innspela:

- utleigebustad i bygda - for å "prøve-bu"
- hyppigare ferjeruter, eller aller helst: bru øve fjorden
- betre kommunikasjon mellom ferjene her og der.
- start-pakke-tilskudd frå kommunen
- reduserte kommunale gebyr for førstegongsetablerarar
- fine tomter - ikkje i felt
- sosiale arrangement t.d. konsert, revy - jf ny scene
- meir fleksibel bruk av Trivselstova
- jobbmuligheiter

Det blei òg kommentert at det skal passe for både den eine og den andre: og gjerne kan den eine vere gira på bygda, medan partneren er gira på byen. Det kan òg vere vanskeleg å få det til å klaffe med jobb for begge jf yrkesvalg.
Hm- kva gjer me med slikt??

Bygdarådet og Ungdomslaget fekk eitt og anna å bryne seg på framover.
Sikkert er at me i bygda bryr oss, og ønskjer ungdommane velkomne som framtidige Jøsnesbuar ein gong.

PS: Bygdarådet brukte ungdomsmøtet som utgangspunkt for si uttale til ny kommuneplan som dei har sendt til kommunen.

FaceBook
Facebook