1 2 3 4 5 6 8 fosst1 kjerhammars rundatjs skifts

Påskeafta blei det eit par koselege timar med Ungdomslags-mimring
images/JUL/Bilder/turs.jpg
Foto Jostein Westersjø

Det blei eit par kjekke og koselege mimretimar i Ungdomslagets "ånd" i Trivselstova Påskeaften.
Ca 20 stk, unge og eldre, møtte opp til mimretreffet.
images/JUL/Bilder/mimre1s.jpg

Arthur Westersjø og Olav Fossaa var begge invitert til å snakke litt om sine periodar som leiarar i Ungdomslaget: Arthur var med i åra før og under 2.verdskrigen, medan Olav var svært aktiv i slutten av 40 talet - og ikkje minst utover 50 talet. Begge har svært godt minne, og delte mange flotte opplevingar med oss denne dagen; t.d. om skriving i Vonå, om hus-bygging, pengeinnsamling, møtevirksomheit, festar, skrøner og skjemt frå den gong.

Det blei òg lese høgt frå både VONÅ og referatbøkene; t.d.  om Jonsokfeiring på Håvehammar frå 1929, framtidsvisjonen "Jøsneset om 40 år" frå 1948, frå åpningsfesten til Ungdomshuset frå 1953 og om "den siste" laurdagsdansen frå 1957 mm

Mykje lokalt og artig stoff !! 

Etter oppmoding frå møtelyden denne dagen vil me prøve å leggje ut nokre stubbar frå VONÅ på denne nettsida (sporadisk). Første utdrag finn de nedanfor - og følg med vidare.

Me hadde òg bede om gamle fotografier. Jostein Westersjø sendte over ein del bilder frå ein busstur som Ungdomslaget arrangerte til Telemark i 1953, der eit snautt 20-tals Jøsnesungdommar deltok. Nedanfor finn de desse bilda; og så er det om å gjere å sjå om du klarer å kjenne igjen alle desse "gamle" Jøsnesungdommanen  (på mimretreffen klarte de å kjenne att alle!)

Bilder frå Jøsnesungdommar i Telemark 1
Bilder frå Jøsneungdommar i Telemark 2
Bilder frå Jøsnesungdommar i Telemark 3
Bilder frå Jøsnesungdommar i Telemark 4

 Og her kjem det vesle utdraget frå VONÅ 1929:

JONSOK

Brakje vart hoggen, og dregen på plass
Det var visst nær på eit hestelass
At veden var turr eg hermed sannar
For bålet skulle brenna bjart på Hovudhammar

Jonsokafta me ferda oss til
med flaska og kveiksle og åtte kje tvil
Um at bålet vart betre enn alle grannar
og at alle såg veten på Hovudhammar

På vegen gjekk folk på hovudstupp
og freistar og kavar og vinn ikkje upp
Og skålar og syng og steikjer og lannar
so det lyser som bålet på Hovudhammar

Andre gjeng seg so godt som vildt
i myr og brakje det er kje gjilt
Men som dei gjeng dei bråleg stannar
og gjeng etter bålet på Hovudhammar

I brakjen det tassar og smyg og tislar
Ei gjenta høyrer ein unnertid knislar
Men sume sit og sluker drammar
som vermer som bålet på Hovudhammar

På knatten går dansen fint over tilje
den alle freistar med all sin vilje
Å døyva dei heite elskhugbrannar
som gløder som bålet på Hovudhammar

Dansen stilna og knipi tok på
snart so vilde alle gå
Det er som Henrik sjølv berammar
at alle skal gå frå Hovudhammar

Nedetter gjekk det med sang og skrål
som det sig sømer med Jonsokbål
Asheimen Jøsnesungdom forbannar
og heile bålet på Hovudhammar

Ved ytredøri dei segjer godnatt
dei karar som fulgde sin kjære skatt
Slokna i natti er elskhugens flammar
slokna som bålet på Hovudhammar

På heimvegen gjekk det i sikk og sakk
dei segjer for laget so tusend takk
og til ein annen ein "gomårn" stammar
og spreides som oska på Hovudhammar

Otto Hiim

 

FaceBook
Facebook