Lørdag 04.04 blei Herefjellet svidd av. 8-10 stk var med og sette fyr. Det var litt trekk frå sør-vest, så dei sette fyr frampå og det brant seg bakover. Alt var under kontroll heile tida og det tok ikkje av. Nokre stader var det litt vanskeleg å få det til å brenne. Sist gong kunne ein sjå flammane heil til Stavanger og det brant godt ut på kvelden. Slik var det ikkje denne gong, men det var nok fleire som såg røyken. Røyken for mot Erfjord, me får ikkje håpe dei fekk heile den fine dagen ødelagt med røykelukt. Det gjer godt å få svi av litt lyng og kratt av og til slik at det blir lettare å gå der oppe.
Nytt frå Strandbuen
- Vei kan bli stengt opptil to timer om gangen
- Karen og Ida Helene fann meir enn felles interesse i nytt valfag
- Strand vil ha to nye prosjektledere – disse har søkt
- Ingen fastleger i Strand har plass til flere pasienter – så lange er ventelistene
- Tar ventelistene på alvor: Særlig 41 personer blir prioritert
Siste nytt
04.04.09 Sviing av Herefjellet
- Detaljar