1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

Frukt og Laksefesten i Hjelmelandsvågen nærmar seg, 6 september.  Jøsnesbygda er påmeldt med eigen stand - saman med Mikals Laks. Det er Helselaget, Ungdomslaget og Bygdarådet som saman sponsar stand-avgifta, slik at ein kan få profilert både bygda og lokale produkt frå Jøsneset.
images/JUL/Bilder/som5.jpg.jpg

Det heile er enda litt i planleggingsfasen, men her vil det nok iallefall bli råd å få kjøpt honning frå Åsland, agurk/tomater frå Fosså, diverse Buhagen-produkt - og sikkert meir til! Me satsar òg på salg av solsikker - som sjølv om dei ikkje er produsert på Jøsneset - så er dei eit fint symbol på vår solrike bygd. Helselaget stiller med info om sitt lokale arbeid og om Nasjonalforeningen for folkehelsen. Ungdomslaget stiller med salg av Jøsnes-t-skjorter. Bygdarådet stiller med info om område for bustadbygging og mykje anna. Og ein konkurranse blir det òg - så her er moglegheiter for premiering.

Meir info om standen blir lagt ut på nettsida når me veit litt meir om opplegget. Så følg med.

Me tar gjerne imot tips og idear til Jøsnes-standen: Kanskje du har lyst å bidra med hjelp og stille på stand òg! Ta kontakt! 

Støtt opp om bygda, og møt opp på Jøsnesstanden i Vågen 6 sept !

 

FaceBook
Facebook