1 2 3 4 5 6 8 fosst1 kjerhammars rundatjs skifts

Velkommen til ”solbygda”, og til Jøsneset sin eigen nettstad.
Jøsneset er ei lita bygd i fjord- og øyriket Ryfylke i Rogaland fylke.

 

 

 

Som dei fleste andre vestlandsbygder, så får òg Jøsneset sin dose av pøsregn og heftige vindkast. Men naturen har forma bygda slik at ho ligg som ein solfangar i sørhellinga ut mot den vide Ombofjorden. Så dei dagane sola skin i Rogaland, så skin ho garantert lenge her på Jøsneset.

Slik har naturen gitt oss gleda av å kunne bu i ei frodig og solrik bygd.Sola er òg eit sterkt symbol for lys og vekst. Og me ser lyst på det, og trur bestemt bygda har potensial for vekst ! Me har fine buplasser og god plass for fleire ! Me har eigen skule og barnehage, kjekke sambygdingar, aktive frivillige lag og god kommunikasjon via RV13 og ferje- og hurtigbåtsamband. I dag er me ca 170 store og små sjeler her, og me ønskjer meir enn gjerne fleire velkomne hit !

Bruk denne nettstaden til å finne ut meir om bygda; om lag og foreningar, aktivitetar og om stort og smått som skjer rundt oss.

Kanskje du får lyst å ta turen til oss !

Facebook