1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

17.maikomitéen vil i år prøve noko nytt slik at flest mogleg kan få vere med på feiringa her på Jøsneset. Feiringa vil difor bli lagt til den 16. mai, som er ein måndag. Dei håper at fleire vil ha anledning til å komme dersom det blir i forbindelse med ei langhelg.

Komitéen opplyser også om at luftgeværskytinga i år vil bli bytta ut med luftgitar, og at Telenor har gått med på å stenge ned mobilnettet i tidsrommet det er natursti, slik at ingen skal kunne google seg til svara. Elles blir det ei tradisjonell feiring.

Det blir spanande å sjå kor populær denne nye vrien på 17. maifeiringa blir. Me ønsker i alle fall den driftige komitéen lykke til, og gleder oss til den 16.!

FaceBook
Facebook