1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

 

Torsdag 10. mars var det årsmøte for Bedehuset og Bygdarådet. 
Denne gong blei det halde i det fine Grendahuset – der det var godt og varmt!

Det var tre stykk som takka for seg etter å ha gjort ein stor innsats for Bygdarådet: Hanne, Ingeborg og Sondre. Det vanka både blomar og lovord.
Me vil takke dykk for arbeidet!

Elles så var møtet nokså tradisjonelt, med saker som skulle behandlast – og sjølvsagt kake og kaffi. 

På årsmøtet blei det vedteke nytt reglement for Jøsneset bygdaråd. Det kan du lese her.
Referat fra møtet kan du lese her. 

Takk til alle som møtte!

 

   

  

 

Og heilt til slutt, etter at alle andre var gått heim, var det tre stykk som stod igjen på kjøkkenet for å finne ut kvifor oppvaskmaskina ikkje ville fungere som den skulle.
Det var dei tre som nettopp var gått ut av styret. Det seier jo litt om innsatsviljen!

 

 

 

foto: Ellen Mari Fosså, Hanne Tjeltveit og Solveig Bog

FaceBook
Facebook