1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

Gratulerar med dagen ! Me "feirar" kvinnedagen med desse friske, flotte Jøsnesdamene frå 1959 !! Bildet er teke på turistforeningshytta Sandsa påsken det året, då dei regjerte på kjøkkenet der.  Fotoet stod på trykk i Stavanger Aftenblad.  Kvinnene er frå venstre Marta Hauge (gift med lærar Andreas Hauge/budde på Jøsneset skule), Tomine Foss frå Krokane var sjefskokkå saman med nestekvinne i rekka: Bertha Hagen (som budde i Hagen, søster til Marton og Peder) og ute til høgre Magnhild Bergesen, datter av Magla og Olav, og som vaks opp på Asheim.   Tomine blei sidan òg legendarisk for si vertskapsrolle på Stavanger turistforening si hytte på Breiborg(mellom Sauda og Røldal). Begge desse hyttene var svært populære utfartsmål på den tida. Hurra for Tomine og resten av kvinnegjengen !  Takk til Svein Hauge som sendte over bildet smile

Biletet er òg ei påminning om at me ønskjer fleire gamle Jøsnesbilder !!! Har du foto å sende over? Me er på jakt etter bilete frå kvardagsliv og fest, frå hendingar og landskap - alt som er med på å fortelje vår felles lokale Jøsnes-historie.  Me har samla inn nokre allereie og vil  "dryppe ut" litt etterkvart, og deretter legge dei under fana "Gamle bilete" - der det alt ligg nokre.   Foto sendast til Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. 

FaceBook
Facebook