1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

Hei alle dykk som er interesserte i lokale stadnamn ! Det blei jo for nokre år sidan samla inn hundrevis av lokale stadnamn på Jøsneset, og desse blei plotta inn i digitale kart.  Nå har me lyst å gå eit skritt vidare, og ønskjer å få namna ut i eit nettbasert kart som heiter LOKALNAMN.NO.   Dette er ei open nettside med innsamla lokale namn frå Rogaland og Vestland. Sida er utvikla av EGIL SØLVBERG.    Han kjem til Hjelmeland for å presentere denne sida, og dette verktøyet for å få tilgjengeliggjort karta med namna ut til alle. Me på Jøsneset er i dialog med Sølvberg om å få våre innsamla namn lagt ut på denne nettsida. I tillegg vil òg dei innsamla namna frå 1980-talet bli lagt ut her.

Det er Hjelmeland Sogelag som arrangerer møtet, og der kjem òg Thor Olav Følgesvoll for å fortelje kva dei har gjort ift innsamling av lokale stadnamn både i Erfjord, og i Suldal elles.  

 

 

 

 

FaceBook
Facebook