1 2 3 4 5 6 8 fosst1 kjerhammars rundatjs skifts

Fredag kveld blei Jøsneset Grendahus offisiselt opna av ordførar Bjørn Laugaland.   I 2020 overtok Jøsneset bygaråd driftsansvaret for dette kommunale bygget. Ein god del oppussing og oppgradering var naudsynt, og ønskjet var å gjere om dette eldre skulebygget til meir brukarvennlege lokaler. Kommunen har bidratt med midler, det er gitt tilskot frå fond, bygda har bidratt med eigne midler og bygdefolket har jobba iherdig dugnad.

Nå er gamlekjøkkenet frå 70-talet historie, og lærarrom og materiallager er omgjort til koselege og funksjonelle fleirbrukslokale. Lekkasjar er tetta, straumanlegget er oppgradert, kjøkken er flunke ny. Trimrommet og gangen er òg ein del av denne oppgraderinga, som har pågått sidan 2019.

Det var koseleg å verkeleg benke seg saman igjen i storsalen denne fredags kvelden !! 
Leiar i Bygdarådet Hanne Tjeltveit håpar at bygget blir brukt aktivt framover, og at det nå blir kjekkare å samlast i sosiale samanhenger i oppgraderte lokaler. 
Forsamlingen fekk servert Buhagen eplesaft, kaffe og nydelege kaker ! Vår eigen Josè Altamirano stod for musikalske perler, medan praten gjekk livlig rundt borda.  Norunn Westersjø avslutta ein hyggelig kveld med nydelig pianospel ! 

Nok ein gong er ein enorm dugnadsinnsats gjennomført, og det har vore eit veldig godt samarbeid mellom frivillige bygdefolk, kommunen v/avdeling Bygg og anlegg og òg lokalt næringsliv.  Eit flott døme på kva me kan få til om ein samarbeider på tvers !  Takk til alle som har bidratt !

Foto: Solveig Bog og Svanhild H Gbada

FaceBook
Facebook