1 2 3 4 5 6 8 fosst1 kjerhammars rundatjs skifts

24. mai 1971 stod dette lesarbrevet på trykk. Det er forfatta av Daniel Foss og Johan Langvik, og dei skriv om den planlagte vegen fra Vindsvik til Nesvik, og ferja som skulle komme.
Me har fått tilsendt lesarbrevet fra Odd Magne Åsland, som lurte på om det kunne vere interessant å publisere på nettsida vår.
Det er det sjølvsagt – me set veldig pris på å få inn forslag til både nye og gamle saker som me kan publisere. Tusen takk!
Her kan du lese brevet i sin heilhet. 

 

Riksveg 13 i Hjelmeland

Herr redaktør

Etter det vi veit, skal innstillinga om Norsk Vegplan fram for Stortinget nå i vårsesjonen.

For oss her i Hjelmeland går denne plan ut på at det skal byggjast ny riksveg frå Vindsvik til Nesvik, med ferjesamband Nesvik- Hjelmeland. – 8,3 millionar er framlegget til vegen og 1 million til ferjekaia. – Desse løyvingane er oppsett i 2. byggeperiode 1974- 1977.
Vi som bur isolert på det veglause Jøseneset, har venta med lengsel i alle år på denne vegutløysing. Ryfylke-analysen går også inn for same planen. 200 fastbuande på Jøseneset vil bli knytte til Riksvegnettet utan utlegg for Hjelmeland kommune. Ein korting med 10 km av riksveg 13 er også eit sterkt teljande moment.
Samferdselskomitéen har også gitt same tilråding. I innstillinga heiter det at ombygging av den gamle riksveg 13 Hjelmeland- Tøtlandsvik er kutta ut av Norsk Vegplan.
Vi skulle såleis ha lov å tru at det ville bli gjort fortgang med å utarbeida planane for vegen Vindsvik – Nesvik, så alt kunne vere klart for arbeidet når vi kom til 1974.
Men her er vi nå komne til å dra innsatsviljen i tvil.
Vi har nemlig fått ihende eit forslag frå ei nemnd som kallar seg «Samarbeidsutvalget» ved Statens Vegvesen i Rogaland, som konkluderer med å foreslå at det straks vert bevilga 4,5 millonar kroner til omlegging av vegen Hjelmeland – Tøtlandsvik.
Det vert i dette skrivet peika på at det vil ta 10 år å få ferdig Jøsenesvegen.
Vi her på Jøseneset må stille oss undrande til slike talemåtar.
Skal det ta 10 år å byggja 9,6 km veg frå Vindsvik til Nesvik, må det utan tvil gå over 20 år å byggja 20 km veg frå Hjelmeland til Tøtlandsvik. (Ein veg som dessutan er kutta ut av Norsk Vegplan). Og når så endeleg den dag kom at alt var ferdig, skulle vi ha 2 parallelle riksveg 13 gjennom Hjelmeland…?
Kvar er logikken? Norsk Vegplan seier 1974-1977 som byggjetid for Jøsenesvegen.
«Samarbeidsutvalget» burde vel også ha kjennskap til det.
Dette utvalet har aldri sett sin fot på Jøseneset det vi veit av, så vi kan nok orsake dei i deira mangelfulle kjennskap til våre problemer. – Men derimot veit vi at Venstre sin stortingsmann, Ingvar Helle, har vore her på Jøseneset. Han er nå medlem av Stortingets samferdselskomité. – Han tok seg tid til å reise til denne avsides-liggjande bygda for å sette seg inn i våre problem. Han hadde samtalar med bygdefolket og var levande interessert i positiv utvikling for Jøsenes-buen.
Det kunne vere å ynskje at også andre hadde slik innstilling.
Men vi veit at sneversynte kommunepolitikarar her i Hjelmeland er ivrig opptekne av å hindre Jøsenesvegen. Dei ser heller at Jøseneset med 200 fastbuande vart avfolka og lagt øyde, enn at noko kom i vegen for deira småkorne egoisme.
Vi som bur her i utkant-Norge, vi er glade i bygda vår, og vi har tenkt å bu på Jøeseneset. Men vilkåret for denne innstillinga er at det vert veg til Nesvik og ferjesamband med Hjelmeland.

Jøseneset, 24. mai 1971

 

Daniel Foss
Johan Langvik

FaceBook
Facebook