1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

 Også 2021 er "anderledes-år", og difor blir det ein liten "light-variant" av Hardhausen i år òg .....ja, altså det blir ikkje lettare å gå enn førwink, men det blir "full spredning i tid og stad". Startpunkt kan gjerne vere ÅSLAND eller FOSS.  Gå når du vil ila heile pinsehelga, og gå gjerne på alle Helselaget sine 10 turpostar (og ikkje berre dei høgaste). Men det er på dei 4 høgaste de finn de fire bokstavane som tilsaman dannar eit ord.  Det blir premiering basert på trekning. Og du må opp på dei høgaste for å telje med i statistikken for deltaking Hardhausen. I år er det 4 lokale som kvalifiserer til 10.års-premie !

Rutene er skilta og merka, men ta gjerne med kart, bruk gjerne TURKART JØSNESET.  Alle går på eige ansvar, i eige tempo og med valfritt følgje. Husk fotoapparat - for òg i år har me fotokonkurranse, med tema "VÆRSTEMNING

For dei som vil gå alle 4 høgaste nutane=Hardhausen, er det smart å starte på Åsland: gå først Norda Høgaste.  Deretter dei tre lengre aust: Gunlanuten, Røssenibben, Valafjellet. Retur ned om Fosstemmen og tilbake til Åsland.
Løypa blir då litt over 2 mil, med stor høgdeskildnad.   Men det er lov å gå snarvegar og andre ruter. Husk berre å vite kor du er  - ha med kart, spesielt om været er dårleg. 


Det blir 5års-Tkjorter til dei som har deltatt 5 gonger, og 10-års-krus til dei som har deltatt 10 gonger.  Det blir ikkje 1.gongskrus i år pga alternativ arrangment, og ingen deltakaravgift. Men det blir trekning i premiar blant alle som deltar. 

 

 

Naturen er heldigvis ein open, fri arena, men i møte med andre gjeld sjølvsagt helsemyndigheitene sine generelle smittevernråd. 

Følg med på facebookeventen Hardhausen 2021 og på Jøsneset si Facebookside  -  Her blir lagt ut foto som de sender inn og ev ny informasjon undervegs.   Ha ein god tur alle !

FaceBook
Facebook