1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

Mandag kveld møtte spende kursdeltakarar og minst like spende kurshaldarar opp på Bøen for å sikra bygda sylte og lammerull til jul.

 

 

Under kyndig veiledning frå Berit og Silje sette ivrige hender i gang med å skjera, krydra og sy. Først blei det ribberull av svin.

 

 Her er Ellinor i fint driv med rullinga!


Ei nydeleg krydderlukt spredde seg i lokalet, og stemninga steig ytterligare då me, med hjelp av Annbjørg, stemde i "Vi tenner våre lykter".

God stemning når Odd, Ellinor, Ellen Mari og Anne får gode råd frå Berit


Med ribberullen vel innpakka var det til å sy saman lammesvanger - ikkje alltid så lett! Likevel blei det på kort tid trylla fram dei vakraste lammerullar. Ellen Mari og Unni fekk nærmast morskjensler for sine "babyar"! 

Etter eit par intensive timar kunne nøgde Jøsnesbuar venda heim med sjølvprodusert julepålegg.

Denne trivelege kvelden inspirerte til fleire felles førjulsøkter neste år. Kvifor stå heime og stresse når me kan ha det mykje kjekkare og jobba i lag? 

Bygdarådet takkar alle som var med! 

FaceBook
Facebook